HALVDAN KOHTS MINNETALE DA MARCUS THRANE BLE JORDFESTET I ÆRESLUNDEN PÅ VÅR FRELSERS GRAVLUND, 27. APRIL 1949

0412-15175
UTENRIKSMINISTER HALVDAN KOHT PÅ FOREDRAGSTUR I RINGSAKER. KOHT VAR MINISTER 1935-40. Foto: Domkirkeoddens Fotoarkiv

Marcus Thrane ville ha smilt eit beisk smil om han hadde kunna sjå det som her i dag går for seg. Han ville ha tenkt på ordet om det folket som steina profetane sine, men lyste dem heilage etter de var død.

Så lite glede som mannen sjølv kan ha av det, så er det likevel rett og naturleg at ettertida gjerne vil freiste gjera godt att det som forfedrane har misgjort.

Den domen som for snart hundre sida felte Marcus Thrane, den kan vi, som lever no, berre sjå på som ein skamflekk på norsk rettsliv.

Av alle de halvanna hundre mann som den gongen vart dømt ilag med Thrane, var det visseleg mange som hadde gjort seg skyldige i brott på det som var og framleis blir rekna for lov og rett, men Thrane sjølv hadde ikkje gjort seg skyldig i noko slikt.

Høgsterett gav han det vitnemålet at han snarare hadde vist en dempende enn en opphissende virksomhet og likevel dømte retten han i straff som opphavsmann til den hele bevegelse hvis revolusjonære og sosialistiske ånd han ei alene fra først av hadde innblæst, men til like stadigen hadde næret. Det er et domsgrunnlag som rettskjensla i våre dagar ikkje kan godkjenne.

Vi frikjenner Marcus Thrane !

Og meir enn det, vi ser i den rørsla som han reiste, opptaket til ei ny tid i landet vårt.

Vi reknar han for ein av dei store føregangsmennene i striden for fridom og samfunnsrett, for fullt demokrati i Noreg.

I fulle sju år satt Thrane i fengsel. Fire år i varetekt, ett år i tugthus, to år på botsfengslet og da straffetida var ute, fikk han enda attpå seks dagar vatn og brød.

Da han endeleg slapp ut, var det godt som ingenting att av den arbeidarrørsla hadde hadde skapt. Han var ein einsleg mann i landet, her var inga gjerning meir for han, men han var ikkje ferdig med livet. Han var enda ein mann på berre førti år. Så søkte han ny gjerning i Amerika. Derifrå kom han att ein tur til Noreg i 1883, men da var det få eller ingen som ville kjennast ved han. Det var ei stridstid i landet vårt, og det hadde teke til på nytt å ese i arbeidarklassa, men enda skulle det vare nokre år før arbeidarane for alvor tok til å organisere seg til ny strid.

Vonbroten snudde Thrane tilbake til Amerika, og det var ein bitter mann som skreiv i testamente sitt: Da mange av mine venner har forsikret meg at efter min død skal et stort og smukt monument reises til mitt minne, og skjønt monumenter er bleven reist for mange mere uverdige enn meg selv, så erklærer jeg dog post festum for å forhindre slik ære at det er mitt inderligste ønske at intet sådant monument blir reist for meg efter min død, kun en meget enkel jernplate på hvilken kan skrives mitt navn med fødsels- og dødsdatum skal plasseres ved graven.

Ettertida kan ikkje bøye seg for slikt et ønske. Det er for vår eiga skyld vi har trong til å gjere heider på mannen og på verket hans. Vi vil reise han til nytt liv i vår gjerning.

For hundre år sidan fekk han eit følgje av husmenner, handverksveinar og verksarbeidarar.

Tjuetusen mann fekk han organisert. Det var eit stort tall i dei dagane, og det var nytt og merkeleg det han gjorde. Han førte eit heilt nytt folkelag, henta fra sjølve undergrunnen i samfunnet, opp til politisk tenkning og gjerning.

Det var vel ikkje undrandes om mange vart skremt. Revolusjonen hadde løft hovudet sitt over heile Europa, og det var et nytt samfunn Thrane ville reise.

Han drøymte stort om det nye som skulle komma. Der skulle retten vere eins for alle. Der skulle alle arbeide i hop, i samhjelp, i samkjensle, under sams ansvar. Det var det han stridde for og i den striden tapte han.

Ikkje berre fordi overmakta imot var altfor sterk, men likesåvel fordi sjølve det folket han ville løfte fram enda ikkje åtte slik politisk opplysning, slik klar stridsvilje som måtte til. Det stod tannlaust og maktlaust når det ikkje lenger hadde Thrane hos seg.

Og det var enda noko av det han sjølv hadde hatt med i arbeidet sitt, at han personleg skulle bli unnverleg.

Det er noko som slår ein når ein følgjer ferda hans kor sjøllaus han alltid var.

Vi ser hos han i alt han gjorde ein rein vilje og eit reint hjarte. Alt sitt ville han gjerne gje for andre. Kunne det gagne saka så steig han gjerne sjølv tilbake.

Det var ikkje det at han ville velte ansvaret frå seg, tvertimot, da han stod for retten, vedkjente han seg åpent og frimodig at det var han som hadde reist arbeidarrørsla og gjevi ho det sosialistiske programmet sitt.

Han freista ikkje dekke seg bak andre, eller snakke seg frå ansvaret sitt. Men: Han kravde rett og fridom for slik agitasjon.

Om det så i ymse måtar enda kunne vera så som så med fridomen i landet vårt, så var da Noreg etter grunnlova eit fritt land, og arbeidaren skulle ha same fridomen som alle dei andre.

På næraste hald hadde han sett dei fattige vilkåra arbeidsfolket levde i og kor hardt just dei vert råka av dei ulukkene og vanskane som kom i nærings- og samfunnslivet.

Hjarte hans brann for alle dei som måtte lide, og det vart ein djup trong hos han å hjelpe dem. Ikkje berre for dagen, det var han sjølv altfor fattig til å kunne gjera, men til å byggje eit samfunn som skulle gje varig vern mot fattigdom og naud.

Dette var det som fylgte han og dreiv han fram.

Vi ser det på alle måtar, han var ein god mann, han som såleis reiste den den fyrste norske arbeidarrørsla. Det er det som gjer det tvifelt tragisk at han skulle bli dømt som forbrytar og måtte døy i utlegd.

Men no – i dag – sitt det ingen flekk lenger på minne hans.

No kallar vi ånda hans heim, tilbake til ære, tilbake til strid og arbeid i lag med oss som lever.

Det er eit mektig vitnemål om den framgangen tankane hans har hatt her i vårt land, at vi no kan samlas frå alle kanter i denne gravferda. På hundre år har vi bygd opp et demokrati der kvar mann og kvinne i folket er med i full jamrett og her er fostra ei sosial ansvarskjensle som dag for dag sett ein sterkare og sterkare stempel på lovgjeving og samfunnsliv.

Ingen trur at vi enda har nådd det fullkomne. Alle veit at framleis er her nok og meir enn nok å gjera i arbeidet for rettferd, for betre og rikare livskår for alle, for åndsreising for alle områder.

I dette er det at vi vil ha idealismen til Marcus Thrane med oss.

Vi ønsker at hjartelaget hans, den sjøllause kjærleiken hans til folket, den brennande rettferdsviljen hans alltid må leva hos oss alle. I dette ønske helgar vi minne hans og bær det med inn i framtida.

Negativ
1. mai 1952 Halvdan Koht (til h.) avduker gravstein på graven til Marcus Thrane på Vår Frelsers gravlund Foto: ukjent

Transkribert fra et radioprogram på NRK, 27.04.1949, tittel: Bisettelsen av Marcus Thrane i Æreslunden på Vår Frelsers Gravlund. Fra Nasjonalbibliotekets arkiv, «Bokhylla», på Internett.